 |
 |
|
 |
 |
GODT NYTT ÅR!
GODT NYTT ÅR!
UKM
No er vi i gong med eit nytt halvår i kulturskulen - og vi starta friskt.
Allereie 21. januar har vi sett opp UKM 2012!
Vi er i full gong med å motivere elevar til å stille opp med sitt arbeid, anten det er kunst, litteratur, musikk eller dans. Det har ikkje vore lett dette året heller og vi må nok evaluere om vi var for tidlig ute etter jul. Men slik er det no - og vi jobba iherdig med å kontakte tidlegare deltakarar og prøve å motivere nye.
Alle frå 10 -20 år kan delta på den kommunale og fylkeskommunale mønstringa. (13 år til landsfinalen)
Det er ikkje skummelt men derimot veldg moro!
Håpa at fleire melder seg på og at vi nok ein gong får ei kjempefott mønstring 2012 !
JULEN ER HER
Vi vil ynskje alle ei riktig God Jul og eit Godt nyttår ! Vi sjåasti det nye året klar for nye utfordringar. Vil minne nok ein gong på UKM som allereie går av stabelen 21 januar i Bremangerhallen. Vi treng sjølvsagt påmeldingar så du kan allereie no tenkje ut kva de vil bidra med! No har du nok ein gong sjansen å få vise kva du kan! Vi gleda oss til UKM 2012! Men først - jul! GOD JUL
NYE tilbod Januar 2012 i Svelgen !
Vi startar det nye året 2012 med nye undervisningstilbod i visuelle kunstfag i Svelgen!
Vi er så heldigeat vi har fått med oss
Aud Marit Skarrebo
Holmen i lærarteamet. Ho er utdanna billedkunstner ved Kunsthøgskolen i Bergen. Har undervisningserfaring
frå kulturskulane i Bergen og Meland, Slåtthaug videregåande skule og
Nordhordland folkehøgskule. Ho har òg vore kurshaldar i teikning og maling for Bergen
kommune.
Vi håpar på stor opplslutning om kursa! Først til mølla får plass!
Vi har tilbod om 2 grupper
1-4 klasse og 5 -7 klasse. Les alle detaljar om kursa her.
Kulturnatt i Svelgen
Kulturnatt Svelgen 11.11.2011
Frå Firdaposten:"Kulturnatta i Svelgen er eit kulturelt samarbeid mellom Nordfjordkommunane. I Svelgen arrangerte kulturkontoret i samarbeid med kulturskulen. Fokuset er på barn og unge. På opninga på rådhuset song Svelgen barnekor frå trappa, med Grete Berntzen som dirigent. På samfunnshuset var det open scene, der ungdom fekk vise fram sine talent med instrument, sang og dans.
Og seinare på kvelden var det nattkino."
Sjå foto frå kulturnatta på fotosidene våre. Alle foto henta frå Firdaposten si bildesamling.
Hurra! Monica Frøyen vann pris!
Henta frå Firdaposten: "Det var under Norgs Musikkorps Forbund sitt nordvestmeisterskap i Måløy at prisen blei delt ut. Under eit svært vellukka arrangement med høgt nivå og mykje flott musikk på Tennebø, blei Frøyen tildelt den kanskje gjevaste prisen som NMF deler ut, årets miljøskapar. I tillegg deler NMF ut prisen årets talent og årets dirigent/instruktør."
Vi i Bremanger kulturskule er svært stolte over å ha Monica med oss på laget. Ho har i alle år stått på for å oppretthalde korpset i Kalvåg og har gong på gong bevist at det går an å ha korps i små bygder - og gode korps og ! Vi er så glade for å ha henne og fleire eldsjeler med oss i kollegiet - utan dei trur eg bygdene våre hadde vore "fattige".
Gratulerer!
Bremanger skulemusikk 50 år
Bremanger skulemusikk hadde flott bursdagsfeiring med heile 50 år som skulekorps laurdag 22.oktober! Salen var nesten fullsett og stemninga var høg ! Det var delt ut flagg til alle på første benk og dei vart nytta flittig.
Tom Joensen var konferansier og leia forestillinga på ein verdig måte!
Det vart spelt gamle marsjar - men mest nye muskkstykker av Bremanger skulemusikk aleine og i lag med Bremanger musikklag. Aspirantane spela den tradisjonelle "Spania" saman med storkorpset og var óg med som sjørøvarar på Kaptein sabeltann. Bremanger skulemusikk mottok ei gåve frå Losjen på kr 15000; Dette vart delt ut av Kjell Torvanger! Ei svært kjærkommen gåve i ei "korpskasse"!
Det vart elles framført ein kavalkade av prosjektlåtar - heilt attende frå The Commitments i 1998., Blues Brothers i 2000, Abba , Elton John , Ønskekonserten, "Frå Cash til Springsteen" , 70 talls låtar ... Vokalistar var dirigenten frå musikklaget Trond Strand, eks dirigent frå Bremanger skulemusikk Elisabeth Solbakken, Laila Beathe Førde, Grete Berntzen. vokalistar frå skulekorpset var Halvor Nesbakk, Jim Steven Igland, Elise Førde Olsen- Det er flott at det grør i musiklivet!
Alt i alt var dette ei verdig feiring av ein ung 50 åring! Måtte det bli mange jubileum enno!
Sjå bilde av Annbjørg Hauge Nygård
Kulturskulekvardag
21.okt.2011
Ein heilt vanleg dag i Bremanger kulturskule!
Enkelte dagar er det musikk på alle rom - og det er trangt om plassen så vi har faktisk opplevd å måtte ha undervisning på do!
Her ser de musikkførskulegruppa på Hauge som tek sine første grep på gitaren! :)
Her kan faktisk ein av framtidas supergitarist sitte- kven veit?
NRK - Norge Rundt i Bremanger i dag
NRK - Norge Rundt vitja i dag Reidun Øvrebotten´s si utstiling i Bremanger. Det er ei utstilling som heiter " Minne om Maria" og er ein hyllest av sterke kystkvinner og deira liv og skjebne. Reidun presenterer dei 10 ulike kvinnene med sterke historier og til kvar kvinne er det sydd ein kjole i tidsriktig stil (frå ca 1850 - 1920.)
På utstillinga vil ein og sjå store foto av desse kjolane på modellen Dorthe, foto tekne av fotograf Iselin Valvik.
Underteikna har sjølv vore på utstillinga fleire gongar og ein blir ikkje ferdig med å ta inn over seg alle historiene og blir minna på kor godt ein har det idag. Dette er òg historie som ikkje må gå i gløymeboka! Difor er denne utstillinga utrulig viktig .
Håpar vi får sjå meir Reidun! Veit du har meir på lager!
Nytt kulturskuleår!
Eit nytt kulturskuleår 2011/2012 !
Vi ønskjer velkommen til nye og "gamle" elevar, samt våre nye lærarar!
Vi har og sagt "farvel" til fleire lærarar- men vi håpar på meir samarbeid ein gong i framtida ?
Som alltid er det fryktelig travelt på starten av skuleåret men no har vi fått i orden det meste av timeplanen.
Vi avslutta det forrige arbeidsåret med brask og bram med "Røsihold, Skrekk og Gru!" som de nok alle hugsar- dette er nok et største arrangementet vi har hatt i Bremanger kulturskule.
Eit av våre mål dette året er eit tettare samarbeid mellom elev, heim og lærar. Vi håpar at det kan bidra positivt i arbeidet vårt framover.
Du finn våre tlf.nr og e-post adresser her på heimesida vår, ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko.
Har du noko å bidra med her på sidene våre ? Ta kontakt med meg-
LAURDAG 11.juni : Røsihold. Skrekk og Gru !!
DETTE ER BREMANGER KULTURSKULE SI STORE TVERRFAGLEGE SATSING DER VI PRØVER Å INVOLVERE ALLE VÅRE ELEVER I KOMMUNA. NESTEN ALLE SKULEKORPSA VÅRE DELTEK I “NY DRAKT” OG VISER SKUMLE SIDER.
VI HAR SATSA PROFFESJONELT PÅ LYD OG LYS DENNE GONGEN OG HÅPAR DET VERT EIN OPPLEVELSE I SEG SJØLV. VI SATSAR PÅ GODT VÈR – MEN VI HAR SJØLVSAGT INGEN GARANTI – MEN OM VÈRET IKKJE STÅR OSS BI HAR VI GOD PLASS I HALLEN OG I TELT UTANFOR.
DETTE ER EIT ARRANGEMENT FOR ALLE- IKKJE BERRE FOR ELEVAR OG FORELDRE SÅ VI HÅPAR AT BYGDENE VÅRE TEK TUREN TIL HAUGE,BREMANGER DENNE DAGEN!
DET VERT SPØKELSEHUS, SONG, SPEL, DANS, ANSIKTSMALING, KÅSERI AV FRIDTJOV URDAL, SPØKELSESHISTORIER, SPÅKONE, PREMIERING FOR BESTE KOSTYME (Oppfordra ALLE til å kle seg ut!) MUSIKALFRAMSYNING OG CAFE M/GRILLMAT. HÅPAR PÅ STORT FRAMMØTE DENNE DAGEN!
-
Billetter:
Billett kr. 150,- vaksne alle under 16 år gratis. FØREHANDSAL : SVELGEN SERVICESENTER, JOKER DAVIK, SPAR BREMANGER, KAIA MAT OG SERVICE I KALVÅG
-
Arrangør:
-
Åpningstider:
LAURDAG 11.JUNI KLOKKA 15.00 – 19.00
Skrekk og gru i gamle gymsal!
Siste innspurt før sommaren!
Vel overstått PÅSKE! Påmeldingsfristen til elevplassar hausten 2011 er UTE - om du vil freiste likevel- RING rektor Grete snarast! Det nærma seg sommar og avslutning på kulturskuleåret. Vi er i full gong med det spennande prosjektet i Berle 11.juni. "Røsihold, Grøss og gru i Berle" Antall veker minkar og det skjer noko heile tida - så tida kjem til å gå fort framover. Vi håpar på stor oppslutning av foreldre og føresette, samt at det kjem andre interesserte! Les intervju om prosjektet som Inger Nesbakk gjorde med Grete Berntzen. http://www.bremangerkulturskule.info/31254780'
Vi hadde konsert i Heimen rett før påske. Sjå bilde i Fotoalbum. Vellykka konsert med dyktige elevar. (Som alltid! : ) UKM fylkesmønstring på Eid 1.april var svært vellykka og Bremangerungdomane representerte kommuna si med på ein svært god måte. Vi var svært stolte over alle saman. Høyr sceneinnslaga på NRK Nett TV. http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/258039/ Det er snart mai månad og dirigentane våre er i full gong med nasjonale songar og marsjar! Denne helga er det Bremanger messe og Bremanger skulemusikk skal opne messa tradisjonen tru! Vi ynskjer lukke til med messa!
Våre NYE tilbud hausten 2011
Bremanger kulturskule er stadig i utvikling - og vi prøvar å lage eit tilbod som skal passe til alle. Denne hausten har vi laga nokre nye tilbud som vi tykkjer er spennande.
SAMSPELTILBUD for dei som ikkje spelar typiske band instrument. F.eks. Klarinett , fløyte, tuba , gitar. Eller piano og kornett? trekkspel og valthorn? Du melder deg på og vi prøvar å sette saman ei gruppe som kan passe.
SYKURS:Vi har òg laga nye kurs i kunstskulen til hausten - f.eks eit sykurs! Meir om dette i Tavla/Smånytt.
UNGDOMSKOR:På Hauge skule ynskjer vi å starte eit ungdomskor frå 6. til 10. klasse. Vi er så heldige at vi har fått Grete Berntzen i kulturskulen- ein svært dyktig kordirigent med mykje korerfaring - spesielt frå barne og ungdomskor. Alle som likar å synge bør nytte sjansen! Dette kan bli veldig spennande!
MUSIKKLEIK er eit nytt navn vi har innført frå hausten 2011. før heitte det Musikkbarnehage -men ungane (som då er 1.klassingar og 5 åringar) likar ikkje at dei skal gå i en BARNEHAGE! Så vi har funne eit nytt navn som er dekkande for det vi gjer på som er musikk med leik . m.m.
Tilbud til vaksne hausten 2011
Publisert 23.mars 2011 Bremanger kulturskule ønskjer å gje tilbud til deg som er vaksen. Om du kunne tenkje deg undervisning i musikk, , dans eller kunstfag må du sende inn påmeldinga innan 15 april..Kursa vil gå over 10 veker og prisen er kr 2500,-. Har du ein draum om å vere ballerina, rockegitarist eller kunstnar? Føler du at du heng etter på tubarekka i korpset eller slutta du for tidleg på piano når du var liten og har no lyst til å lære deg resten av "Til Elise"? eller har du og venninna /kameratane på jobben fabla om å starte band?
No kan draumen bli verkeleg. Elevar i grunnskulen er sjølvsagt prioriterte , så vi startar kun opp kurs for vaksne om vi har ekstra lærarkapasitet! Kontakt oss for nærare informasjon. Svarslipp finn du på informasjonssidene- påmelding vaksne.
Hei igjen!
Publisert 21.mars 2011
Det har vore stillt på heimesidefronten siste veker - det skuldast ikkje at vi har "sove" i kulturskulen MEN at vi har masse spennande å planlegge! Det har nettopp gått ut informasjon til alle elevar og føresette om eit stort prosjekt vi skal arrangere i Berle 11 juni. Dette er eit felles prosjekt for alle i heile kommunen. Meir om dette på TAVLA /SMÅNYTT.
Ellers skal vi arrangere ein liten konsert i Heimen i april - dato uviss. Fredag 1.april reiser kulturskulen på fylkesmønstring UKM på Eid! Vi gleda oss til å representere Bremanger kommune med slike flotte ungdomar. Kunst og novelle er allereie sent inn.
Påmelding til neste års kulturskule er allereie 15 april. Dette for å vere ute i GOD tid til neste år. Vi treng tid til planlegging. Nytt av året er at vi utvidar med undervisning til vaksne - men barn og unge har sjølvsagt prioritet.
Ta gjerne kontakt om du har stoff til heimesida.
Rekordpåmelding til årets UKM 2011
Årets UKM i Bremanger viste seg seg å vere den største i historia- det var ikkje særlige vanskar på førehand for å få påmeldingar - i motsetning til i fjor. Deltakarane var godt spreidde i alder - men ikkje geografisk. Den største "tyngda" på deltakarane var frå Svelgen og i ytre Bremanger. Det var ytters få / ingen deltakarar frå Davik, Kalvåg, Ålfoten og Rugsund/Leirgulen. Der har vi ein jobb å gjere til neste års UKM. Vi kunne og tenkt oss fleire kunstinnslag , oppfordringa går til kunst og handverkslærarar rundt om i kommuna. Nedre aldersgrense er 10 år - dvs frå 5 klasse og oppover. Dommarane i årets UKM var Laila Beathe Førde,musikk /scene Jon Nyheim,kunst, Lillian Kristoffersen musikk/scene. Dei hadde ein særs vanskeleg jobb å plukke ut årets finalistar.
Desse gjekk vidare til fylkesmønstring i Operahuset på Eid 1.-3 april 2011.
Scene:- Iver, Jim, Håvard og Dorte BAND Titler: Ta meg med Deltakere: Dorte Førde (Trommer , Sang), Håvard Lågeide (Bass), Iver Senneset (gitar), Jim Steven Igland (keyboard)
- Bendik og Co(Musikk - Fengande rock!)Titler: Cigarette Deltakere: Anders Midtbø (Trommer, koring), Bendik Klungresæter (Bass), Eivind Holmøy (Vokalist), Jørgen Haugland (Elgitar og koring), Sverre Sandvik (Gitar og koring)
- Kivija chicks(Dans - Arabisk dans)Titler: Jai ho Deltakere: Amalie Varpe (Danser), Ida Sundsøy (Danser), Inger Nesbakk (Danser), Julie Førde (Danser), Kine Sundsøy (Danser), Vilde Nesbakk (Danser)
- Benjamin Sagebø Musikk - Trommesolo)Titler: Hurlumheisannsaho Deltakere: Benjamin Sagebø (Trommer)
- Los Gatitos Con Botas(Musikk - Akustisk Gitar)Titler: Drifting Deltakere: Sondre Henden (Akustisk Gitar), Sverre Sandvik (Akustisk gitar)
- Halvor Nesbakk(Musikk - pop)Titler: Stay on these roads Deltakere: Halvor Nesbakk (Vokalist)
Kunst /litteratur Bremanger kunstskule(Utstilling)Titler: "Interiør av Astrup" Deltakere: Anna Ekerhovd (maler), Jim steven Igland (maler), Kari anne Bakke (maler), Karina Førde (maler), Malin Håvardstun (maler), Marion Eikeset (maler), Mathilde Varpe (maler), Matias Skjølberg (maler), Mirja Kuijt (maler), Natalie Nesje (maler), Talina Hauge (maler), Thea Ytre-Hauge (maler)
Beate Holm (Utstilling)Titler: “Aizenev”Deltakere: Alice Beate Holm (fotograf)
Mari Førde Lindvik (Utstilling - Fotograf) Titler: “Dråpe” og “Piggtråd”
Kunstskulen i Bremanger (Utstilling) Titler: Blod skutt Deltakere: Anna Ekerhovd (kunstner)
Sara Helene Maurstad (Litteratur - Novelle) Titler: Tragisk Deltakere: Sara Helene Maurstad (Forfatter)
Les og sjå på bilder i Firdaposten om årets UKM i Svelgen!
http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article5490066.ece Sjå meir bilde i fotoalbum her på heimesida.
AneJørgine og Anders i Operaen på Eid
Ane Jørgine og Anders var nyleg i operaen på Eid for å danse til støtte for lokalsjukehusa våre! :) Foto: Anita Ingebriktsen , Firdaposten
Siste nytt på sida...
Les meir på Tavla /Smånytt
Sirkus Bremanger er OVERSTÅTT!
Publisert onsdag 3 nov. 2010
Endelig er vi i havn - det var veldig lærerikt og spanande å arbeide med ein slik STOR produksjon. Samarbeidet med produksjonsselskapet og Medialinja frå Volda var svært interressant. Det har vore mange "kokkar" i sving og mykje arbeid, -men vi kom i havn til slutt. Vi viser at vi er gode når det trengs! Dette kan vi ! Snakk om positiv Bremanger reklame!
Les kva Medialinja i Volda skriv om prosjektet.
Sjå og høyr vår "Bremanger reggie" på You tube eller på vår "videoavdeling" i menyen. Denne har Trond Strand med vener laga tekst og meldi og var eit bestillingsverk frå kommunen ! Nyt den!
http://www.youtube.com/watch?v=IAWFBLgOnDk&feature=share
Her er ein del henta frå Firdaposten - mellom anna BILDE og VIDEO FRÅ SIRKUS
http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article5366069.ece
Henta frå Firdaposten sin artikkel:
"Meiningane frå publikum var eintydige. Showet hadde vore fantastisk, overraskande profesjonelt, rørande, morosamt, nytt og spanande.
– Her ser vi kva vi kan få til når vi berre vil arbeide saman. Det finst ingen grenser for kva vi kan få til saman. I dag er eg ein svært stolt rådmann i Bremanger kommune, fortalde Tom Joensen.
Til saman 300 menneske har vore i sving for å få Sirkus Bremanger trygt igjennom manesjen.
Over 80 songarar frå heile kommunen stod saman på scena og rørte publikum til tårer. The Flying Culinary Circus hadde stor pågang på sine colakokte grillribber og viltgryte med solbærsaus.
På scena hadde dei eit forrykande vaffelshow, med flygande egg, mel og vatn om kvarandre.
Sirkus Bremanger var ei fantastisk oppleving for alle som var der. No gler vi oss til å sjå showet om igjen på DVD.
Showet blei produsert profesjonelt for TV av elevar og lærarar frå medialinja på Høgskulen i Volda. Ei rekkje storskjermar, profesjonell lyssetjing og fantastisk lyd frå Lyd og Lyspartner frå Ålesund gjorde underverk. Inspirator og motor Svein Arild Vatsø med sitt samarbeid med Aktiv Kalvåg og Bremanger Musikklag har levert varene saman med ei rekkje ressurspersonar i kulturlivet. Forventningane var skrudde skyhøgt, men dette blei ei veritabel kulturerell månelanding. Her har Stoltenberg mykje å lære!"
Psssssssssst.......
Ny artikkel/bilder på TAVLA/SMÅNYTT om besøk på REDESIGN kurset på Hauge torsdag 21 oktober 2010.
Det øvast og øvast...Snart Sirkus !
Det nærma seg SIRKUS BREMANGER og det rører seg rundt om i kommunen i kjellar og på loft , - store og små øver på spreng for å verte ferdige til den 30 .oktober. Alle billettane er utselde og mange står slukørte igjen og har ikkje fått seg billett! Dette er utrulog domt for dei dette gjeld - men Sirkus Bremanger har vore såpass spennande at folk måtte ha det med seg. Og markedsføringa har vore ekstremt god- no er det berre for aktørane å innfri forventningane! Dette vert spennande! Vi gleda oss stort!
Vi er klar for eit nytt år - er du?
NYTT KULTURSKULEÅR 2010 / 2011!!
Vi startar det nye skuleåret med ny kulturskulerektor - Grete Berntzen! Vi gler oss til eit fruktbart og spennande samarbeid i åra som kjem og takkar samstundes Norvall Klungresæter (som slettes ikkje har forlete oss) for det solide og gode grunnarbeidet han har gjort for at Bremanger kulturskule er blitt det den er blitt idag.
Vi takkar Lisa Giil for samarbeidet så langt 
Med det vil vi ynskje VELKOMMEN til TO nye lærarar Tor Erik Vårdal og Anders Alvaro Nydal! Vi gledar oss til eit godt samarbeid i tida som kjem!
UKM i Operaen på Eid!
UKM på Eid var ein stor opplevelse -Sjå NRK http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/631311/ ( bilde i Fotoalbum) Vi som var med som leiarar fekk med oss halvparten i salen og resten i "Greenroom" på TV-monitor. Bremanger var godt representert både med vakker kunst og flotte, godt innøvde innslag- ingen nøling her! Aktørane våre var svært nøgde etterpå - og vi andre må innrømme at vi tørka ei lita tåre av stoltheit når dei sto der så flotte på scena! Kunsten vart presentert på storskjerm i salen av konferaniser Ronny Brede Aase ( nrk p3 morgen) - alt i alt eit godt teknisk arrangement- det gjekk fort imellom innslaga. Lyden var litt varierande - og litt rot i organiseringa var det for vår del. Men vi ordna opp med "Falkevikjen" - (på bilde her saman med Kivia Chicks) til slutt! Operaen på Eid kan gjerne arrangere UKM fleire gongar- det var eit godt hus å vere i.
For Bremanger kulturskule Elisabeth Solbakken
Du kan enno melde deg på teiknekurs...
Oppstart STRAKS! Vi håpar vi kan få fleire interesserte!! Meld deg på STRAKS - les meir om kurset på Kunstskulen si side og ta ein tlf til Reidun!! 
Sjekk ut nytt på sidene våre!
Nettside i endring /utvikling
Vi prøvar å lage sidene så brukarvenleg som mogleg. Her kjem litt nytt etterkvart - sjekk ut : Kva skjer framover og Tavla /Smånytt! Det er komme nokre "nye" videosnuttar å kose seg med!
Nyhende
Opning på "Skjeret" - og gjet om det vart vellykka!!  Vi meinar at omlag 100 mennesker var innom "Skjeret" på laurdag 13.mars- store og små - gamle og unge! For mange var det spesielt å komme inn dørene på gamlebutikkjen - og hadde gjerne ikkje vore innom desse dørene sidan den gong det faktisk var butikk her ! Vilde og Halvor sang sin song frå UKM - med Jarle Grotle på piano, Grete Berntzen og Norvall Klungresæter spela og song, Oddbjørg Råket heldt kåseri over temaet "Sild" som var namnet på fotoutstillinga til Dag Nedrebø. Les endå meir på FIRDAPOSTEN -tekst og bilde av Annbjørg H.Nygård . Følg denne linken: http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article5021247.ece
UKM bremanger 2010
Årets UKM vart ein suksess - det såg "mørkt" ut i dagane før med lite påmelding MEN så kom det ramlande inn mange gode innslag heilt mot slutten av påmeldingsfristen. Vi måtte utestje fristen med nokre dagar til den 9 februar - og det hjelpte på. Bremanger skulemusikk var årets medarrangør med sal av kaffi og kaker , rydde til med bord og stolar. Etter tilbakemeldingar var dei storvegs fornøgd med inntekter dei gjorde på dette. Vi takkar for ei godt samarbeid som alltid. (Meir om UKM på ukm.no - søk bremanger og du får opp eit vindauge der det står "påmelding" - sjå etter "gå til kommuneside og trykk på den..) Desse gjekk vidare til fylkesmønstring Sceneinnslag
Dorte Førde , solodans:"New York", "Kivia Chicks" - dansegruppe med sitt nummer: "One" Vilde Nesbakk og Halvor Nesbakk med : "Always on your mind"- Sheryl Crow "Two and a half men" - med låta "YYZ" av Rush "Smoltz" med låta "Cowboy take me away" av Dixie Chicks Kunstinnslag: "Regnvått gras" - foto av Oda Susanne Bortheim Mulelid "Sommerfugl i Sommersol" foto av Maria Kolseth Jensen "Vasen" akrylbilde av Helene Midtbø Bjørkedal "Jonsok" foto av Johanne Nyborg "Orkide" foto av Johanne Nygård
Sjå bilder frå årets mønstring å Firdaposten sine sider : http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article4860474.ece
eller sjå same bilda i vår fotoalbum ( sjå meny). Alle foto Annbjørg Hauge Nygård
|
|
 |
|
|
|