UKM 2012
21.Januar i Bremangerhallen!
Det vart MANGE sceneinnslag til slutt og det var ei svært god og underhaldande stund i Bremangerhallen denne laurdagen.
Først ut var utstillinga kl. 15.00 med kafé av Kalvåg skulemusikk, deretter var dei lita klassisk framførig i Heimen (Kinoen like ved) . Dette fordi der er eit flygel som utøvarane helst ville spele på. Så kom publikummet på plass igjen i Hallen og dei øvrige utøvarane skulle i ilden kl 16.00.
Heile 21 innslag vart det til slutt på scene og 29 bilder.
Totalt antall utøvarar var 43.Dette er vi svært nøgde med sjølv om det var fleire i fjor.
Neste år rekna vi med at det vert danseinnslag og litteratur- mot ingenting i år. Det var litt synd i år - men vi får sette inn "trykket" på å få det til det neste UKM året.
I år gjorde vi litt ekstra stas BAK scena- dette for å gje utøvarane ei god kjensle FØR dei skulle på scena - skape god stemning. Vi hadde pynta ei garderobe og sett inn møbler, litt dempa lys, fruktskål og litt "shampis".. Litt GRAND PRIX stemning rett og slett.
Sjå bilde frå UKM - Alle bilde Anbjørg Hauge Nygård.
Det kjem fleire bilder teke av underteikna etterkvart.
LES kva FIRDAPOSTEN skriv:
http://www.firdaposten.no/kultur/article5893925.ece
Januar 2012 Danselærarane våre hadde lyst å få vise føresette kva dei egentlig driv på med på dansetimen og inviterte til "Dansetime". Der fekk vi sjå dei 3 ulike aldersgruppene som viste oss øvelsane dei brukte på dansetimen sin. Vi fekk sjå alt i frå strekk og bøy , til leik og til meir avaserte teknikk øvelsar. Spennande for føresette å få eit innbikk i borna sin kvardag/fritidsktivitet - greitt å vite kva vi sender poden vår til?
Til etterfølgelse/ ettertanke i andre aktivitetar og....
Eg tek gjerne med foreldre i mine musikktimar! De er hjarteleg velkommen!
Bremanger 3 februar 2012
Vi har i samarbeid med Bremanger skulemusikk , Hauge skule og foreldre blitt einige om å bruke delar av musikkundervisninga i 4 klasse til aspirantundervisning. Vi har vore 3 lærarar på plass denne timen i veka med tilsaman 12 aspirantar fordelte på 3 ulike instrument.
Entusiasmen har vore stor og dei fekk t.o.m. vere med på Bremanger skulemusikk sitt 50 årsjubileum der dei spelte SPANIA og sang på Kaptein Sabeltann- det store avslutningsnummeret.
Vi lærer notar, pusteteknikk, å telle , å blåse , å vente på tur, å pugge og masse masse meir.
Det går livleg føre seg på kulturskulen denne timen kvar torsdag og vi har heilt klart eit plassproblem! Vi har undervisning på bitte små rom med 5-6 elevar på ein gong. Men vi smøre oss med tolmod og håpar på større plass i framtida!
Kjekt har vi det likevel!
Sjå bilde her:
Elisabeth Solbakken
Hausten 2011
Denne hausten har 10 ivrige damer helde til i kjellaren på Hauge skule. Alle hadde eit ønskje om å lære seg sykunsten, eller iallefall vidareutvikle den! Alle hadde med seg sakser, tråd, ulikt farga stoff og symaskiner. No viste det seg at ikkje alle var nybegynnere men alle delte ei interresse for "faget".
Elevane lærte å ta ut mønster frå mønsterark og måle alle dei strategiske kroppsmåla for å få ei god passform. Det var nemlig KLE alle ville prøve seg på - ingen grytekluta eller puter som kanskje ville vore litt enklare.
Det var bestillt inn stoff frå "Stoff og Stil" der utvalget er stort og har rimelige prisar. Lærar Reidun Øvrebotten er utdanna innan Design-saum og har ei fartstid på
21 år på Elverum vidaregåande
skule. Så ho hadde mykje kunnskap å gje i frå seg på dette kurset.
Tilsaman 20 timar varte kurset og dei fleste klarte å fullføre sine kreasjonar ( men ikkje underteikna
)
Fleire ytra ønske om å halde fram med kurs etter nyttår - og dette skal takast opp til vurdering. Følg med - følg med!
Elisabeth Solbakken
50 års jubileum!
Laurdag 22.oktober vert det STOR bursdagsfest i Bremanger! Ein verdig og ung 50 åring har bursdag!
Dette skal feirast stort med ein feiande flott konsert med store og små. Bremanger musikklag vert med på feiringa. Dei aller fleste i Bremanger musikklag har sjølve vore innom "dørene" til Bremanger skulemusikk og mange har nok dei å takke for at dei sjølve spelar i korps.
Konserten vert ein kavalkade med musikk frå ulike prosjekt som har vorte framført dei siste 13 åra, samt marsj frå det første året og nyare korpsstykke. Vi vil høyre unge og nye stemmer - og nokre litt eldre aktørar som har lang fartstid på scena etterkvart. Dirigentane Fay og Trond vil lede oss gjennom dette og vi gleda oss stort til bursdagsfest!
Ver med på bursdag!
Utplassering på arbeidsplass
Veka før påska og veka etter påske har Bremanger kulturskule hatt besøk av til saman 4 elevar frå 9 klasse på Hauge og i Svelgen. Alle desse er svært interessert i musikk og hadde lyst å få innblikk i kva vi styrer med i kvardagen. Dei har vore med på klasseromsundervisning alt frå 1 klasse og opp i ungdomsskulen - musikkbarnehage, korps, band, kor, rigging på konsert, leie konsert, aspirantar og i kunstskulen med Reidun. Alt i alt svært variert - noko som også prega kvardagen til mange av oss. Vi håpar dei har likt seg godt med oss.Vi tykte iallefall det var trivelig med "besøk".
Resultatet av nokre intense veker med masse øving og pugging på tekster , songar, dans og dramalære gav toppkarakter til alle. (Både til dei på OG utanom scena :) ) Musikalen som har eit svært viktig budskap hadde i tillegg til budskapet svært fengande låtar. Mange prøvde seg som songsolistar for første gong og vart etterkvart svært scenevante. Sjølv om det er travelt å øve slik - oppdaga dei aller fleste kor moro det var når all øvinga gav eit slikt flott resultat. Snart skal dei sjå seg sjølv på DVD og få vere publikum sjølve.
Vi håpar at alle hadde godt utbytte og tok lærdom både av emnet mobbing og av alt det kulturfaglege med musikalen. Vi gler oss til neste gong kulturskulen får slik oppdrag!
Sjå bildene til Annbjørg Hauge Nygård på Foto sidene våre.
http://www.bremangerkulturskule.info/31254767
Publisert 23 mars 2011
Saum
Kurs for vaksne -hausten 2011
Eit kurs for deg som vil ha klede ingen andre har!
Ved hjelp av mønstre frå moteblad og eigne innkjøpte eller brukte stoff skapar du eigne kreasjonar 10 kveldar á 2 timar.
Utstyrsbehov:
Burdablad (modell + mønster)
Stoff og tilbehør
Symaskin
Påmelding på eige skjema som du vil enten finne her på våre sider eller bak på "vaksenbrosjyre" som kjem i posten.
Publisert 23.mars 2011
Bremanger kulturskule arrangerer "Røsihold -Skrekk og Gru i Berle" - laurdag 11 juni.
Dette er eit prosjekt for HEILE kommuna - vi inviterer alle barn og unge i kulturskulen, ungdomsklubbane, elevar i grunnskulen og alle skulekorps i kommuna til eit felles kulturarrangement. Berle Grendalag er med oss på laget og alle foreldre som kan bidra med hjelp. Vi er heilt avhengig av at foreldre hjelper oss.
Innhaldet på arrangementet skjønar de nok av overskrifta- vi skal lage skummel stemning og "moro" både i tunnelane (tyskerbunkers) og på fleire utescener. Framføring av musikalen Which Witch til slutt. Det skal myldre i Berle denne dagen! Vi ynskjer at alle - både vaksne , unge og barn skal vere utkledd denne dagen. Det kan vere alt frå monster, til snille troll , til huldrer og draugen. Det vert mat å få kjøpt så ingen hekser skal svelte.
Vi gleda oss. Ta kontakt med kulturskulen om du kan vere med å bidra til noko. Det er sendt ut brev til alle elevar i kulturskulen.

Publisert 27.jan 2011
Etter mange konsertar i kulturskulen dei siste 2 vekene har vi hatt mykje å gjort på heimesidefronten. Har no fått bilder frå konsert i Kalvåg den 19.jan. Den konserten foregikk på brakka på Frøyen skule. Gå inn i vårt Fotoalbum og sjekk ut.
Igår hadde vi flott konsert i Davik på bedehuset. Ola og Stein hjelpte til med anlegg og rigging! Veldig flott! - sjå bilde i Fotoalbum.
Publisert 24.jan.2011.
Elevar frå kulturskulen i Bremanger hadde torsdag den 20 jan. ein svært vellykka kulturskulekonsert i Heimen. Konserten var ganske variert både i sjanger og instrumentalt. Det var fleire pianistar som fekk prøve det flotte flygelet i Heimen, men det var òg ein fløytist, kornettist, klarinettistar i duett, gitarist, vokalistar, trommis, bassistar. Mange flinke solistar og band som framførte alt frå Måneskinnssonaten til Brown Sugar. Lærarar som var med på konserten var Elisabeth, Norvall, Jarle og Einar.
Sjå bilde frå konserten på Firdaposten. Vi legg dei ut på sida vår etterkvart.
http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article5461414.ece
Vilde og Halvor Nesbakk er Bremanger sine deltakarar i MGP Lokal i Florø denne helga - fredag 21. januar i Flora Samfunnshus.
Dei kom vidare etter ein delfinale i Førde før jul og skal no stå på scena saman med 15 andre innslag frå heile fylket. Vi må stemme dei fram på SMS -
Det gjer du ved å sende ein SMS med teksten MGP LOKAL og nummeret til deltakaren - Vilde og Halvor er nr 6 - til tlf 2077 (5 kr per melding). Skriv «MGP LOKAL 6" til 2077.
Vi kryssar fingrar for dei !
Publisert 15.des. 2010
Tysdag 14. des.var det avslutning og juleverksted for kulturskulen si kunstgruppe på Hauge. Ungane pussa og malte/dekorerte juletre og julehjerte. Timen blei avslutta med kaker,snop og varm drikke..God jul og godt nyttår til alle!
Reidun
Sjå meir bilde klikk:
Publisert fredag 10 desember 2010
Kulturskulen sin lærar, Jarle Grotle, tok med seg sine elevar på førjulsbesøk på Bremanger Bu og Service senter i Kalvåg onsdag 8.desember
Bebuarane hygga seg saman med elevane som serverte både gitarspel, song, piano og trekkspel. Dette er populære besøk rundt om kring i kommuna og det er flott for elevane å få vist kva dei kan på ei mindre "scene".
Sjå fotoalbum her.
Alle foto av Alf Haakon Harlem
Neste liknande besøk vert på Haugetun tysdag 14.desember. Elisabeth Solbakken og Jarle Grotle tek med seg elevar på førjulsbesøk der.

Publisert 21.nov.2010
Bremanger Sport og Sko feira 10 års jubileum og inviterte Bremanger kulturskule til å kaste glans over jubileet! Klokka 14.00 laurdag 20 november 2010 stilte 5 elevar og 2 lærarar opp for å spele og synge til kundane i butikken! Det vart spela alt ifrå klassiske perler som "Fur Elise" og "Måneskinnssonaten" til "Tir na Noir ", "Hurt" , "The Rose"og "No matter what".
Dorte, Nora, Elise, Halvor og Jim Steven fekk løn for jobben av innehavar av butikken -Kjellrun, og fekk sportsdrikkeflasker og ein "buff" (lue/skjerf) som "løn". Utanfor butikken i kulden sto 5 klasse og selde kaffi og vaflar til inntekt for skuletur. Det var triveleg stemning i "sentrum" på Hauge denne laurdagen- skal ikkje alltid så masse til for å skape trivsel rundt eit arrangement! Musikk, kaffi og vaflar er slett ikkje domt!
Publisert 16,nov.2010
Dei aller ferskaste aspirantane i Bremanger skulemusikk er så heldige at dei får lov å spele på korpsinstrumenta i musikktimen sin .Tysdag er fast aspirantdag og på kulturskulen ventar Fay og Elisabeth, Fay på messinginstrument og Elisabeth på treblåsinstrument. Kontora våre er ganske små og sjølv med kun 5 aspirantar fordelt på to undervisningsrom føles det heilt fullt ut og musikken fyller alle rom! Det vart spelt "Spania", "Fader Jacob " og "Bånsull". Det er mykje som skal hugsast på - fingrar som skal treffe rett klaff eller ventil, lufta skal gjennom munnstykket og så skal ein faktisk lære notar ! Det er ikkje berre enkelt - og hugs- dei har spelt kun i nokre veker!
No er planen at dei skal øve på eit musikkstykke som dei skal spele saman med skulemusikken på konsert! Dette gjev ekstra motivasjon vidare.
Vi er så glad i alle musikantane våre - håpar vi får lov å beholde dei lenge !
Publisert torsdag 21 okt.2010 -
Sjå alle bilda frå besøket :
http://www.bremangerkulturskule.info/32090557
Ein mørk haustkveld med snø og slaps rota kulturskulens
utskremte medarbeidar seg inn på formingsalen på Hauge skule. Dagens oppdrag var besøk til "REDESIGN-gruppa" i kulturskulen på Hauge, ei gruppe med både vaksne og unge deltakarar.
Summing av symaskiner og lavmælt prat møtte meg når eg entra døra. Ikkje så mange
som glytte opp – dei var djupt konsentrert i eige arbeid. Rundt dei låg tøyrestar av gamle dynetrekk, blomstrete
strømpebukser og gamle strikkegenserar. Eg helste pent og tok fram kamera med
ein gong for å kunne "knipse" dei i arbeidet.
Kulturskulelærar i kunstskulen, Reidun viste
stolt fram elevane sitt arbeid - og sitt
eige eksempel på ei litt uferdig veske,
laga av eit gardinstoff som ho har vattert! Vattering er tema no – og redesign-elevane
har laga vatterte gryteklutar med ulike border og mønster.
I to timar for veka sit
dei slik ilag .”Alt for kort tid” sa ei av dei vaksne elevane idet ho skulle til å gå heim. Det var heilt tydeleg at dei trivast med
arbeidet og har lyst å lære endå meir.
Ein av elevane laga seg ei rosa blomstrete bukse av eit dynetrekk og fekk litt hjelp med eit mønster som såg
svært innvikla ut. Det er ikkje berre gryteklutar denne gjengen har laga – dei har
laga sminkevesker, puter og vesker i mange ulike materiale. Noko hamnar sikkert
under juletreet denne jula tippar eg.
Ei har investert i ei flunkande ny symaskin som til og med kunne
sy vakker søm med ulike motiv og bokstavar. ”Ei slik flott maskin kan sy heilt
aleine”, seier ho og ler. Eg hugsar med grøss og gru på mi eiga maskin (som eg ikkje eig sjølv eingong) der undertråden rota seg til og lagar gigantiske floker
på baksida av saumen. Og ingen gløymer handarbeidsalen på 80 talet -der vi sat med kvar vår gammal symaskin- og ikkje ei av maskinene ville gå skikkelig.Timane gjekk igrunnen med til å vente på
hjelp. Men med dagens symaskiner er det visst ikkje SÅ mykje trøbbel med- tidene endrar seg
heldigvis.
Bort ved eit bord står ei ung jente og klipper ei remse som
skal verte eit kantband til ein gryteklut -
eg tilbyr meg å hjelpe å feste den med nåler etter beste evne. Det var
like før eg fann mine eigne stoffrestar og fann meg ein symaskin sjølv. Dette ser kjekt ut!
Redesign kan vere veldig forskjellig men hovudtanken er å
skape nytt av gamalt. Og er ikkje dette miljøvenleg så veit ikkje eg. Dette kurset er sterkt å anbefale både for den miljøbeviste eller for deg som vil vere kreativ på ein ny måte. Vi håpar på
nye kurs neste år!
Sjå fotoalbum frå besøket i vår meny merka REDESIGN fotoalbum
Det vart ein fin intim konsert på bedehuset i Davik onsdag kveld - foreldre og nokon få andre hadde møtt opp denne halvtimen. Det vart ei hyggeleg stund der ei rekke pianistar , eit par gitaristar, ein fløytist og eit par fiolinistar framførte variert musikk - klassisk, folketonar til rock'n roll! Nydeleg sommarveir sette prikken over i'en når vi steig ut på trappa etter konserten. Ei flott sommaravslutning!
Sjå fleire bilde på fotosida vår!
Ei flott sommaravslutning i kulturskulen på Hauge på laurdag 5.juni- starta med kunstutstilling på "Skjeret" kl 12. 00- bilder, mala og teikna av kunstelevane. Det var nokre musikalske innslag - og Reidun presenterte kunsten for publikum. Det vart sjølvsagt servert "champagne" i stettglass! Det høyrer med på slike arrangement.
Kl 15.00 var det musikarane og dansarane som fekk vise seg fram på scena i Bremangerhallen. Det var sal av kaffi og kaker av Norway cup gjengen - og dei hjelpte til med stolar og bord! Tusen takk!Vi håpar dei fekk seg litt pengar i reisekassa.
Programmet var variert og det var elevar frå alle årssteg - frå 5 åringar til 10 klassingar. Det har vore eit godt kulturskuleår 2009/2010 - og vi gleda oss allereie til neste år for å gjere ting endå betre !
I samband med byjubileet i Florø i Florø 15.mai var Bremanger kommune si musikalske gåve til forestillinga i samfunshuset Vilde og Halvor Nesbakk. Dei song "Always on your side" som dei også framførte på UKM i Operahuset på Eid i april. Dei var i følgje Firdaposten eit av høgdepunkta denne kvelden.Vi takkar Vilde og Halvor for flott representasjon.
UKM på Eid 23.april 2010
Sjå våre bilder i Fotoalbum
Fin konsert i Heimen på Onsdag den 15. april.
Sjå bilder i Fotoalbumet vårt!
Bremanger kulturskule på FACEBOOK! Sjekk ut....! 
www.facebook.com/ - logg deg inn og søk på Bremanger kulturskule - bli "venn" med oss.
Det vart full klaff for nokre veker sidan ved første Musikkafè på Havly. 
No prøvar dei igjen i påska 31.mars! Velkommen alle frå ungd.skulen og oppover. -ungdom og vaksne!